Startar opp datahjelp som gratistilbod i Bykle kommune

Det er mange tunge digitale lyft i kvardagen. No drar Bykle frivilligsentral og Brynje-prosjektet i gang med gratis datahjelp der folk kan få råd og vink både med tanke på PC og mobiltelefon.

Vidar Mortensen i Brynje-prosjektet og Merete T. Egeland i Bykle frivilligsentral står bak det nye gratistilbodet om datahjelp i Bykle kommune. - Klikk for stort bileteVidar Mortensen i Brynje-prosjektet og Merete T. Egeland i Bykle frivilligsentral står bak det nye gratistilbodet om datahjelp i Bykle kommune.

Først ut er ei samling i grendehuset på Hovden måndag 21. oktober. Frå klokka 18-20 kan ein få hjelp med det meste av digitalt hovudbry. Så er det ny runde i Bykle samfunnshus torsdag 24. oktober klokka 12-14.

– Me tar opp både tema med felles interesse men set også av tid til individuell hjelp, seier leiar i Brynje-prosjektet, Vidar Mortensen.

Det er inga påmelding til samlingane, men den som lurer på noko kan kontakte Mortensen på tlf 92416961 eller via epost HER