Stadig meir UKM-aktivitet i Bykle!

UKM - Ung kultur møtast, er ein suksesshistorie i Bykle kommune med ungdomen i sentrum. Med stadig meir aktivitetar året rundt blir grunnlaget lagt for rekruttering og ein fellesskap både born og unge veks på.

UKM på Hovden er eit arrangement med større og større oppslutning. Bykle kommune

Engasjementet rundt UKM – Ung Kultur Møtast  har aldri vore større i Bykle. Gjennom målretta arbeid, samarbeid med skulane og satsing på unge arrangørar har UKM på Hovden blitt eit av årets høgdepunkt for born og unge i kommunen. Nyleg deltok kulturleiar Helga Jacobsen og  fagleiar ungdom og kultur Ida Olsen-Sund Wintermark på UKM-forum i Agder, skipa til av Kultur og fritid i Agder fylkeskommune. Der var dei invitert til å dele erfaringane sine om korleis Bykle har bygd opp eit berekraftig og levande UKM-arbeid.

God utvikling

Bykle kommune har dei siste åra opplevd ei solid utvikling i UKM-arbeidet. Arrangementet, der born og unge får vise fram talent innan kunst, dans, video, musikk,  og til og med gaming har vore ein del av ein viktig og inkluderande møteplass for ungdom frå heile kommunen. Frå 2009 til 2022 vart UKM skipa til annakvart år i samarbeid mellom Hovden, Valle og Bykle. Då pandemien kom, måtte arrangørane tenkje nytt. Dei oppdaga at UKM ikkje hadde djupe røter hjå ungdommen sjølv, og ofte vart oppfatta som enkeltståande konsertar.

Dette vart eit vendepunkt, og UKM vart etablert som eit fast arrangement på Hovden grendehus, og frå då har interessa berre auka. Produksjonsansvarleg Ida Olsen-Sund Wintermark har saman med kulturskulen og kultur- og fritidsavdelinga bygd opp eit arrangement som engasjerer breitt. 

– Gjennom året blir det skipa til ulike verkstader, til dømes innan kunst og dans. Alt har som mål å føre fram mot UKM, fortel Wintermark.

Peikar på det gode samarbeidet

Tenesteleiar Helga Jacobsen trekkjer fram samarbeidet som ein nøkkelfaktor for suksessen både internt i kultur og fritid, men også det gode samarbeidet ein får til med skulane og frivillige.

– Det solide samarbeidet er avgjerande, og ingen sjølvsagt ting, slår ho fast.

Satsinga på unge arrangørar, som er eit nasjonalt fokus frå UKM Noreg, har gitt resultat. I år har heile 17 ungdommar meldt seg som arrangørar til UKM 14. mars 2026. Det vil seie at ungdommane er med å jobbe fram festivalen framom og bak scena.
– Det er heilt fantastisk! Vi har så flotte og dyktige ungdommar, og det er ei glede å få jobbe saman med dei. Me er alt godt i gang med planane. seier Wintermark.

Vann turbopris

I 2020 vann Bykle og Valle kommunar «Den nasjonale Turboprisen» for sitt arbeid med å skape inkluderande og kreative møteplassar for ungdom. Prisen vert delt ut av UKM Noreg til prosjekt som viser nytenking, samarbeid og lokal forankring. 

– UKM i Bykle har gått frå å vere eit enkelt arrangement til å bli eit levande ungdomsprosjekt. Det var stas å bli trekt fram som eit godt døme. Vi håpar vi kan vere til inspirasjon for andre kommunar, seier Jacobsen. 

Ho oppmodar alle om å kome til Hovden på UKM, og på det viset bidra til å vidareutvikle satsinga øvst i dalen.

Helga Jacobsen under UKM-forum Agder. Bykle kommune