Språkkafé i Hovden grendehus 8. oktober
Tysdag 8. oktober klokka 18 er det klart for ein ny runde med språkkafé i Hovden grendehus.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 03.10.2024 09:44
Sist endra 03.10.2024 09:44
Det er språkkafé i Hovden grendehus tysdag 8. oktober.
Ole Birger Lien
Språkkaféen er meint som ein møtestad mellom bygdefolk og innflyttarar, og handlar om så mykje meir enn språk. Jovisst får dei som er der og treng det, trene seg i norsk. Vel så viktig er likevel den sosiale dimensjonen. Ein triveleg og god stad å møtast, enkelt og greitt - alt i regi av Bykle frivilligsentral, og med engasjerte deltakarar som byr på seg sjølv!
Vil du bli språkvert?
Merete T. Egeland i Bykle frivilligsentral er stadig ute etter nye språkvertar. Kan du tenke deg å gjere ein innsats? Då bør du sende ein e-post med nokre ord til henne. Du kan sende e-posten HIT