Språkkafé i Hovden grendehus 16. januar
Årets første språkkafé i Bykle kommune blir skipa til i Hovden grendehus torsdag 16. januar.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 13.01.2025 15:34
Sist endra 10.04.2025 09:05
Ole Birger Lien
Det heile tar til klokka 18. Språkkaféen er meint som ein møtestad mellom bygdefolk og innflyttarar, og handlar om så mykje meir enn språk. Jovisst får dei som er der og treng det, trene seg i norsk. Vel så viktig er likevel den sosiale dimensjonen. Ein triveleg og god stad å møtast, enkelt og greitt - alt i regi av Bykle frivilligsentral, og med engasjerte deltakarar som byr på seg sjølv!
Vil du bli språkvert?
Merete T. Egeland i Bykle frivilligsentral er stadig ute etter nye språkvertar. Kan du tenke deg å gjere ein innsats? Då bør du sende ein e-post med nokre ord til henne. Du kan sende e-posten HIT