Språkkafé i Bykle samfunnshus
Tysdag 17. september er det klart for ein ny runde med språkkafé i Bykle samfunnhus. Arrangementet tar til klokka 18.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 11.09.2024 11:03
Sist endra 25.09.2024 14:03

Språkkaféen er meint som ein møtestad mellom bygdefolk og innflyttarar, og handlar om så mykje meir enn språk. Jovisst får dei som er der og treng det, trene seg i norsk. Vel så viktig er likevel den sosiale dimensjonen. Ein triveleg og god stad å møtast, enkelt og greitt - alt i regi av Bykle frivilligsentral, og med engasjerte deltakarar som byr på seg sjølv!
Vil du bli språkvert?
Merete T. Egeland i Bykle frivilligsentral er stadig ute etter nye språkvertar. Kan du tenke deg å gjere ein innsats? Då bør du sende ein e-post med nokre ord til henne. Du kan sende e-posten hit: linkvelger://4263/