Språkkafé i Bykle samfunnshus tysdag 19. november
Tysdag 19. november klokka 18 er det klart for ein ny runde med språkkafé i samfunnshuset i Bykle.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 14.11.2024 09:59
Sist endra 14.11.2024 09:59

Språkkaféen er meint som ein møtestad mellom bygdefolk og innflyttarar, og handlar om så mykje meir enn språk. Jovisst får dei som er der og treng det, trene seg i norsk. Vel så viktig er likevel den sosiale dimensjonen. Ein triveleg og god stad å møtast, enkelt og greitt - alt i regi av Bykle frivilligsentral, og med engasjerte deltakarar som byr på seg sjølv!
Vil du bli språkvert?
Merete T. Egeland i Bykle frivilligsentral er stadig ute etter nye språkvertar. Kan du tenke deg å gjere ein innsats? Då bør du sende ein e-post med nokre ord til henne. Du kan sende e-posten HIT