Språkkafé i Bykle samfunnshus torsdag 28. august
Det er klart for språkkafé i Bykle samfunnshus torsdag 28. august klokka 18.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 27.08.2025 13:10
Sist endra 27.08.2025 13:10
Set er språkkafé i samfunnshuset i Bykle torsdag 28. august.
Ole Birger Lien
Språkkaféen er meint som ein møtestad mellom bygdefolk og innflyttarar, og handlar om så mykje meir enn språk. Jovisst får dei som er der og treng det, trene seg i norsk. Vel så viktig er likevel den sosiale dimensjonen. Ein triveleg og god stad å møtast, enkelt og greitt - alt i regi av Bykle frivilligsentral, og med engasjerte deltakarar som byr på seg sjølv!
Vil du bli språkvert?
Språkkaféen er stadig ute etter nye språkvertar. Kan du tenke deg å gjere ein innsats? Då bør du sende ein e-post med nokre ord:
stine.rambekk.gulowsen@bykle.kommune.no
eller ringe på tlf 91787411