Språkkafé i Bykle samfunnshus torsdag 20. november
Det er klart for språkkafé i Bykle samfunnshus torsdag 20. november klokka 18-19.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 19.11.2025 10:36
Sist endra 19.11.2025 10:36

Språkkaféen er meint som ein møtestad mellom bygdefolk og innflyttarar, og handlar om så mykje meir enn språk. Jovisst får dei som er der og treng det, trene seg i norsk. Vel så viktig er likevel den sosiale dimensjonen. Ein triveleg og god stad å møtast, enkelt og greitt - alt i regi av Bykle frivilligsentral, og med engasjerte deltakarar som byr på seg sjølv!