Sommarfest på badeplassane!

Med det heilt fantastiske veret ein har hatt i landsdelen den siste tida, med ein gradestokk som har våga seg over 30 varmegrader fleire gonger, har store og små fota seg beint til næraste vasspytt for litt avkjøling. På dei mest kjente badeplassane har det vore eit yrande liv.

Det har vore eit yrande liv ved badeplassen Storetjønn i Bykle i det fantastiske sommarveret. Sigrid Bjørgum

Med så høge temperaturar, og lite vind i tillegg, treng dei fleste av oss til ei nedkjøling innimellom. Det har ein sett på badeplassane. Ved Storetjønn i Bykle har det vore eit “renn” av folk. Badeplassen, som er populær og vitja både av lokale og tilreisande, har vore ein oase for veldig mange den siste tida. 

Finveret kjem tilbake!

Med symjing og hopping, strandliv og late dagar må dei fleste ha fått lada batteria! No blir det meldt nokre dagar med litt meir “normal” temperatur, men finveret ser likevel ut til å kome tilbake att til helga!