Søknadsfrist til opptak for folkemusikk i kulturskulane er 15. mai
Kulturskulane i Bykle, Valle, Bygland og Evje og Hornnes samarbeider om tilbod i folkemusikk i eit interkommunalt folkemusikktilbod munnharpe, hardingfele, kveding og leikarring. Søknadsfrist for hovudopptak skuleåret 2025/2026 er 15. mai.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 16.04.2025 11:56
Sist endra 16.04.2025 11:56
Munnharpekurs med Vidar Frøysnes.
Ole Birger Lien
Tilbodet gjeld først og fremst elevar frå dei tre Unesco-kommunane Bykle, Valle og Bygland, men er det kapasitet til det kan også elevar frå Evje og Hornnes få plass. Den interkommunale satsinga er del av Unesco Setesdal og den immaterielle kulturarven.
Får prøve ulike instrument
Nye elevar får prøve ut ulike instrument, og det blir mykje samspel. Det kan også bli aktuelt med gruppeundervisning viss fleire nye tar til med same instrument. Dei som har spørsmål må ta kontakt med sin lokale kulturskule.
HER kan ein søke opptak.