Søknadsfrist for utviklingsstipend er 1. mars
Er du mellom 16-25 år og fast busett i Bykle kommune? Då kan det vere du kan få utviklingsstipend!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 20.02.2025 10:58
Sist endra 20.02.2025 10:58

Bykle kommune deler ut utviklingsstipend på 25.000 kr. til utøvarar innan alt frå musikk og idrett til skrivekunst og annan aktivitet på høgt regionalt/nasjonalt nivå. Stipendet kan normalt tildelast inntil tre gonger, ein må kunne vise til ulike prestasjonar, ha ein plan for vidare satsing og gjere greie for kva pengane skal brukast på.
Søknadsfrist 1. mars
HER kan ein lese meir om ordninga og finne lenke til søknad.