FAU-leiar Kent Even Andersen, småbarnsmor Synne Viki, Tilde Drengson Viki (2) og Ånund Drengson Viki (5).
Ole Birger Lien
– Det er rett og slett makelaust at kommunen skipar til dette og maktar å samle så mange gode krefter som alle har fokus på det viktigaste me har, borna våre. Eg veit at mange av dei som er med som foredragshaldarar på festivalen er veldig kunnskapsrike, og eg trur me alle kan ha noko å hente her, seier Synne Viki.
– Så må eg seie at eg tykkjer det er flott at også grannekommunane er med i dette. Eg håpar verkeleg at oppslutninga blir god, seier Kent Even Andersen.
Med tre born er Synne, som er klassekontakt for 3. klasse ved Valle skule, ikkje i tvil om at festivalen er nyttig.
– Bare det at me kan samle oss slik er positivt. I tillegg til gode innspel får ein jo ein sosial dimensjon på alt saman. Eg gler meg veldig til dette. Her får me ein felles arena, og kan ta opp og drøfte viktige tema. Så tykkjer eg det er så flott at utgangspunktet er “Saman for ein god oppvekst”, for det er jo det me alle ynskjer for borna våre, seier ho.
Innhaldsrike dagar
Festivalen går altså føre seg i soknehuset på Rysstad, alle dagar frå klokka 18. Måndag 16. september er temaet mobbing og inkludering. Då kjem Ingrid Lund frå universitetet i Agder, og det blir rom for drøftingar og innspel. Dagen etter er temaet born og grenser, med Hans Holter Solhjell frå organisasjonen Foreldrekompetanse i spissen. Onsdagen skal ein drøfte korleis ein kan byggje laget rundt barnet, med undertittel små handlingar, store skilnader, med Siri Abrahamsen frå Gleding i front.