Slik beheld du varme og ljos når straumen går
For dei som bur i bustader med bare elektrisk oppvarming, seier det seg sjølv at det kan bli kritisk ved langvarig straumbrot. Men det finst råd.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 01.11.2024 12:21
Sist endra 01.11.2024 12:21
Viss straumen skulle gå, og det er fare for at utfallet blir langvarig, er noko av det første ein bør gjere å stenge alt av dører mellom roma i bustaden. Det vil også isolere viss ein heng opp teppe framom vidaugene i bustaden. Har du vedfyring, er det sjølvsagt viktig å passe på brannfaren, spesielt viss ein må fyre mykje meir enn vanleg.
HER er Sikker hverdag sine råd for å ivareta varme og ljos under straumbrot.
Kva med ein beredskapsven?
Ein annan ting ein kanskje bør tenke på når det gjeld eigenberedskap, er om det kan vere lurt å skaffe seg ein beredskapsven? Har du ein eller annan i grannelaget du kan ha avtale om samarbeid med i tilfelle ein krisesituasjon? Kva om du sikrar at det finst ved, og samarbeidspartnaren din har nok av vatn? Noko å tenke på, med føre var-prinsippet som utgangspunkt.
HER er tips til korleis du lagrar drikkevatn.