Slåttedagen vart bygdefest på Rygnestad

Med strålande sol frå blå himmel og ein gradestokk som nærma seg 30 grader vart slåttedagen på Rygnestad i helga ein flott sommarfest der det handla om tradisjonane - og den gode røa.

Mange fekk med seg slåttedagen på Rygnestad. Hind Helene Harira

Meir enn 50 menneske møtte opp i solsteika for å slipe ljå, slå og hesje. Anders Dalseg og Leif Røysland frå Setesdal bygningsvernsenter rettleia og sveitta, medan Randi Gåserud Myrum tok seg av slåttegrauten. 

– Leonhard Jansen hadde eit fint innslag der han fortalde om bygga i Rygnestadtunet og det gamle leveviset. I tillegg fortalde han om Vonde-Åsmund, seier leiar i Setesdalsmuseet, Hind Helene Harira.

Ein ekstra dimensjon til forteljinga om Vonde-Åsmund var det at spelemann Knut Arne Rysstad kom til slåttedagen med fela - han er 17. generasjon i rett line frå Vonde-Åsmund, så då han sette seg til å spele på låvebrua var det verkeleg historie og tradisjon i fokus på Rygnestad!

Fekk prøve seg på hesteryggen

Dei yngste som var med på slåttedagen fekk prøve seg på hesteryggen, med Hege Rygnestad som instruktør. Programansvarleg for slåttedagen var Ane Uleberg frå Setesdal bygningsvernsenter.

Knut Arne Rysstad med fela på låvebrua. Hind Helene Harira Randi Gåserud Myrum tok seg av slåttegrauten. Hind Helene Harira