Skulen markerte verdsdagen for Downs syndrom
Like før påske markerte Bykle barne- og ungdomsskule verdsdagen for Downs syndrom. Bodskapen var enkel: det er heilt ok å ikkje vere lik alle andre!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 25.04.2025 12:44
Sist endra 25.04.2025 12:44
Brigitte Haugen
Difor troppa då også elevane opp med ulike sokkar nettopp for å demonstrere at om me skil oss ut er det innafor likevel!
Rocke sokkane!
Å kome med to ulike sokkar blir kalla å rocke sokkane - og som biletet viser så gjorde elevane på Bykle barne- og ungdomsskule det til gagns!