Skuleklassar kan få støtte til transport for guida turar til Hovdenuten

Bykle kommune med støtte frå Agder fylkeskommune startar opp guida turar til Hovdenuten på Hovden frå august. For skuleklassar som vil ta turen er det råd å søke om økonomisk støtte til transporten frå Midt-Agder friluftsråd via ordninga Friluftsbussen.

Sigrid Bjørgum

Vil du lære meir om historien og villreinen sin plass før og no? Då er turen midt i blinken for både små og store. Opp dei flotte sherpatrappene går turen like til topps - med Sigrid Bjørgum i Bykle kommune som guide. Det er gratis å få seg guida tur - men transport til og frå Hovden må ein dekke sjølv. Det må vere grupper på minimum 10 personar, og sjølv om det vel oppe på toppen blir servert litt flatbraud og spekemat, kan det vere lurt å ta med seg litt mat og drikke. 

– Viss ein vil tinge seg ein guida tur må ein seie frå kor mange som er i gruppa, og kva klokkeslett ein ynskjer å starte frå Hovden, seier Sigrid Bjørgum.

Mange turdagar

I september kan ein få seg tur 4., 5., 10., 17., 18., 19., 25., 26., 29. og 30. I oktober er det tre turdatoar: 1., 2. og 3.

Det er påmelding til Bykle kommune på tlf 37938500. Ved påmelding må ein også oppgje kontaktperson med telefonnummer.

HER ER LENKE TIL FRILUFTSBUSSEN - MIDT-AGDER FRILUFTSRÅD