Skipar til grilling i skogen under NM på Hovden

Bykle kommune er med i Friluftslivets år i 2025 - og det resulterer mellom anna i ein frisk grilldag på Hovden under NM på ski.

Det er torsdag 27. mars mellom klokka 16-18 at det blir grilling for store og små. Den som vil finne staden må bare sjå etter Friluftslivets år-flagget bak tidtakarbua på arenaen - der blir det topp stemning, og servering av gratis pylser og saft. 

Oppmodar alle til å få seg litt trim

Ein oppmodar alle om å gå til arenaen - viss ein kjem i bil kan ein parkere ved Hovden grendehus og spasere derifrå.

Har du lest Bykle IL og Hovden Sportsklubb si NM-avis?

HER ER LENKA TIL NM-AVISA