Skigymnas-elevar vitja vassverket på Hovden

Nyleg var ein gjeng elevar frå Hovden skigymnas på vitjing på vassverket på Hovden.

Skigymnas-elevar på vitking på vassverket øvst i Setesdal. - Klikk for stort bileteSkigymnas-elevar på vitking på vassverket øvst i Setesdal. Beate Brøvig

Det var biologi-klassen som fekk grundig omvisning i det nye vasshandsamingsanlegget. Bjørn Einar Andersen i Bykle kommune peika og forklarte om vegen vatnet tar frå Hartevasstjønn til krana heime.

Rensking

Elevane fekk sjå korleis vatnet blir renska i fleire omgangar, både med ulike silingssystem og ikkje minst UV-stråling.

– Nytt, spennande og veldig lærerikt, slår lærar Beate Brøvig fast.