Skidag for ukrainske flyktningar

Sist veke skipa frivilligsentralen i Bykle skidag for dei ukrainske flyktningane på vaksenopplæringa på Hovden. Det vart ein strålande dag på langrennsarenaen.

Vaksenopplæringa på Hovden på skidag. - Klikk for stort bileteVaksenopplæringa på Hovden på skidag.

Dei fleste ukrainarane hadde aldri hatt ski på beina før, men innsatsen var det i alle fall ingenting å seie på! Elisabeth Premak, Anja Holmeide og Olav Aslak Bjåen tok på seg instruktørrolla og fekk lære frå seg eitt og anna triks - og deltakarane plukka opp og tok med seg alle gode råd! Skisenteret såg til at alle hadde topp utstyr å tumle på!

Lått og moro

I løpet av den innhaldsrike dagen vart det nok litt knall og fall, men ikkje verre enn att låtten sat laust på arenaen. 

– Det vart spøkt med at no er dei klare for Hovdentour, så optimismen var i alle fall på plass, seier leiar for Bykle frivilligsentral, Merete T. Egeland.

Vaksenopplæringa i Bykle skal også ha skidag med det første.

Dei ukrainske flyktningane fekk ein strålande dag som ramme om skidagen. - Klikk for stort bileteDei ukrainske flyktningane fekk ein strålande dag som ramme om skidagen.