Skibussen mellom Bykle og Hovden er i gang!

Under sist kommunestyremøte i Bykle slutta dei folkevalde seg til eit initiativ frå ordførar Hans Blattmann om å opprette skibuss mellom Bykle og Hovden i vinterferievekene i år som eit prøveprosjekt. Ordninga tok til laurdag 15. februar og held fram til og med sundag 2. mars med buss opp og ned mellom Bykle og Hovden om morgonen og på ettermiddagen kvar einaste dag. Like opp til Lislefjødd i nord sveiver bussen seg for å få med seg alle.

Det er Setesdal Bilruter som skal ta seg av køyringa. Bussen stoppar ved alle stoppestader begge vegar. Pilotprosjektet kjem til å ha ein totalpris på kring 250.000 kr.

– Me utfordra fylkesordførar Arne Thomassen på dette, og han bladde opp 50.000 kr. der og då. Så blir det billettinntekter til frådrag frå totalen. Den resterande summen garanterer Bykle kommune for, seier ordførar Hans Blattmann.

Kor stor den summen blir, veit ingen i dag - det kjem sjølvsagt an på bruken av bussen og kva billettinntekter ein får.

For alle

Bakgrunnen for initiativet som no gjev skibuss mellom Bykle og Hovden er mellom anna konkrete innspel frå Bykle ungdomsråd. 

– Ungdom utan bil er sjølvsagt ei klår målgruppe her, men tilbodet er meint for alle som ynskjer skyss. Bonusen er at jo fleire som nyttar ei av bussrutene, jo færre privatbilar blir det opp og ned riksveg 9. Viss me skal lukkast med dette forsøket og på det viset sikre eit meir treffsikkert kollektivtilbod, ja då må folk no nytte seg av bussen. La bilen stå, reis kollektivt, bidra til mindre utslepp meir trafikktryggleik, oppmodar Blattmann.

Skibussen skal ikkje vere gratis, men prisane er svært låge. Ein billett gjeld heile dagen den blir kjøpt, og då kan ein ta så mange turar ein vil. For born og eldre kostar ein billett 50 kr., vaksne må betale 100 kr. og familiepris blir 200 kr. Born og unge er dei opp til 17 år, Vaksne opp til 66 år, honnør er pensjonistar frå 67 år eller med honnørkort frå NAV. Med familie meiner ein ei gruppe med maksimalt to vaksne.

– Betalinga skal gjerast med Vipps eller kort. Det er fordi me då kan skilje ut akkurat desse billettinntektene, og det blir viktig med tanke på å evaluere ordninga. Me må sjå kor mange som nyttar tilbodet og kor stort behovet er, før me konkluderer vidare, seier ordføraren.

HER er lenke til rutetidene.