Skal rehabilitere dam Botsvatn
Otteraaens Brugseierforening søker no NVE om godkjenning av detaljplan av rehabilitering dam Botsvatn. I samband med rehabiliteringa av dammen blir det søkt om å etablere eit steinbrot. Arbeidet er planlagt frå juni 2025-september 2027.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 08.04.2024 12:45
Sist endra 19.03.2025 12:49
Dam Botsvatn. (Foto: Sigrid Bjørgum)Steinbrotet skal sikre massar til opprustinga av dammen. Detaljplanen for dam Botsvatn viser anleggsområda og kva permanente og mellombelse inngrep prosjektet vil føre til. Planen viser også kva avbøtande tiltak knytta til natur og landskap som skal gjerast.
Ikkje høyring
Planen blir handsama med heimel i kongeleg resolusjon datert 03.10.2003. Konsesjonen er ikkje gjenstand for høyring. Planen ligg på NVE sine nettsider under “bygging og drift”.
HER finn du planen
NVE ber om at merknader til detaljplanen blir sendt til uttalelse@nve.no eller per brev til NVE, postboks 5091, Majorstua, 0301 Oslo. Uttalar skal merkast “høringsuttalelse” og med saksnummer 202013798.
Frist for å kome med innspel er 24. mai 2024