Skal lage film om villreinen

No er arbeidet med å lage ein såkalla XR-film om villreinen i gang. XR-film er film som nyttar ein utvida røyndom mellom anna med Virtual reality, augmentet reality og mixed reality for å gjere opplevinga endå meir interaktiv.

Filmarbeidet har sitt utspring i prosjektet Viking & Villrein. Filmen skal formidle kunnskap om villreinen og kulturhistoriske spor etter villreinjakt i fjellet. I tillegg skal utfordringar av i dag vere tema. 

Forankra i Heieplanen

Satsinga er forankra i Heieplanen og Regionplan Agder 2030, og får 400.000 kr i støtte frå Miljødirektoratet. I tillegg skyt Agder fylkeskommune inn 200.000 kr gjennom berekraftige opplevingar i Agder-prosjektet. Filmen blir utvikla i samarbeid mellom Destinasjon Hovden AS ved lIna Dufva og Aninaut Studios AS ved Dag Erik Hansen.

– Viktig kunnskap skal formidlast på ein engasjerande og berekraftig måte, og særleg retta mot born og unge, seier Line Dufva.