Skal 3D-dokumentere Bykle gamle kyrkje

Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) skal dokumentere Bykle gamle kyrkje i 3D - eit omfattande prosjekt som skal resultere i ein modell ein kan bruke med tanke på heilskapeleg beredskap for utsette kultururhistoriske bygg landet rundt.

Monica Kristensen og Jani Causevic 3D-scannar Bykle gamle kyrkje for å lage beredskapsmodell. - Klikk for stort bileteMonica Kristensen og Jani Causevic 3D-scannar Bykle gamle kyrkje for å lage beredskapsmodell. Ole Birger Lien

Det blir nytta både laserscannar og bilete frå bakken og med drone for å få eit så komplett bilete/scanning av bygninga som råd. 

– Det er altså både ein dokumentasjon av bygninga i seg sjølv me er ute etter, men også ein modell med tanke på liknande bygg og utfordringar i høve beredskap. Bykle gamle kyrkje er ei trekyrkje som ligg langt unna næraste brannstasjon, og eit av momenta me skal prøve å sjå er kva ressursar me kan dra ut av modellen som kan vere til nytte for brannvesenet, seier Monica Kristensen i NIKU.

Arbeidsgruppe lokalt i november

I november skal det gjennomførast ei arbeidsgruppe der NIKU, Bykle kommune, brannvesenet Bykle kyrkjelege fellesråd og Aust-Agder Museum og Arkiv skal delta.

– Der skal me utforske om modellen kan bli eit verktøy for naudetatane slik at dei kan stille meir førebudde når det skjer noko. Dette håpar me at også skal ha ein overføringsverdi til andre kyrkjer og kulturhistoriske bygg i Noreg, seier Kristiansen.

Prosjektet er finansiert av Bykle kommune, Stiftelsen UNI og Riksantikvaren.

HER kan ein lese meir om prosjektet.