Sjølvberging på Hegni!

Elevane i 3.- 7. klasse ved Fjellgardane skule på Hovden var nyleg på sjølvbergingskurs på Hegni, og dei imponerte stort!

Fjellgardane skule

Å klare seg viss ein hamnar i vatnet, ikkje få panikk, men heller greie å behalde roa og kome seg på trygg grunn, det er noko me alle bør trene på. Skuleelevane på Hovden i 3.- 7. klasse er i alle fall betre budde no enn før skulestart i år. 

Mot og innsats

Under kurset viste dei både mot og innsats då dei la på svøm i kaldt vatn, og gjennomførte øvelsane sine. Dei tok heilt tydeleg kurset på alvor, og lærte mykje om tryggleik i vatn.