Siste bygdekafé før sommarferien er 26. juni

Mange har vore med på bygdekafé i Bykle, og no nærmar det seg siste samling før sommarferien.

Alle som vil vere med må sette av torsdag 26. juni - då er det sommaravslutning på den populære kaféen. Så skal ingen fortvile av den grunn, bygdekafé i Bykle tar til att i haust med første samankomst torsdag 14. august. 

Vil ha tilbakemeldingar

I kaféen kan ein både få seg ein matbit og ein kaffiskvett, og ikkje minst ein prat med kjente og ukjente. Bygdekaféen er eit prøveprosjekt, så alt av tilbakemeldingar og innspel er viktig med tanke på at ein etter kvart skal evaluere ordninga. Torsdagskaféen tar til 11.30 og held på til 14.