SFO i Bykle med sykkeldag like før ferien
Borna i skule- fritidsordninga i Bykle fekk både leike og lære då det vart skipa til sykkeldag like før ferien.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 08.07.2025 10:13
Sist endra 08.07.2025 10:13
Sykkeldag i SFO i Bykle.
Ingunn Skogheim
Det vart rigga til ei fin sykkelløype, og før dei unge syklistane trakka i veg var det ein grundig gjennomgang av reglar.
Runda av med pizza
I løypa vart det og lagt inn ulike utfordringar, og etter gjennomføringa måtte alle vaske syklane sine. Som avrunding og beløning ein aktiv dag vart det både pizza og saft på podane!