Setesdalsmuseet opnar Olav Bjørgum-utstilling 16. november
16. november klokka 16 opnar Setesdalsmuseet på Bjugsbakk på Rysstad Olav Bjørgum-utstilling. Der står portrett frå portrettmeistaren i fokus.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 12.11.2024 09:58
Sist endra 12.11.2024 09:58
Utstillinga kjem i samband med at biletkunstnaren ville ha runda 90 år i år, og fordi Setesdalsmuseet har fått heile kunstsamlinga etter han i gåve etter at Bjørgum gjekk bort i 2020. Utstillinga blir ståande i eitt år.
Portrettmeistaren
Olav Bjørgum-utstillinga som opnar no har spesiell fokus på Bjørgum som portrettmeistar.
– Me skulle eigentleg vise spennvidden, men vart bergtekne av portretta. Eg gler meg til folk får sjå, seier dagleg leiar ved Setesdalsmuseet, Hind Helene Harira.
Kulturelle innslag
Leiar hovudutval for næring, kultur og miljø i Agder fylkeskommune, Torunn Høym-Eriksen, står for den høgtidelege opninga. Det blir kulturelle innslag av Hallvard T. Bjørgum og Sigurd Brokke.
– Eit godt festmåltid blir det også, men menyen skal vere ei overrasking den dagen, seier Harira.