Setesdalsmuseet ope kvar dag fram til 1. oktober

Med utstillingar og ulike aktivitetar er Setesdalsmuseet på Rysstad ope kvar dag måndag til fredag frå klokka 10-15 frå no og fram til 1. oktober.

Museet er også involvert i ulike arrangement i haust. 6. september er det Bykledagen, museet er klar med barneaktivitetar og mykje anna moro. 

Haustferieverkstad

1. oktober blir det skipa til haustferieverkstad på Setesdalsmuseet frå klokka 10-14. Der kan ein lage haustkransar, løyse rebus og ikkje minst ete vaflar. For borna er verkstaden gratis. Det er fri inngong til museet.