Setesdalskonferansen i gang på Hovden

Setesdalskonferansen på Hovden er i gang på Hovdestøylen! Eit tettpakka program med festmiddag på kvelden ventar godt over 100 deltakarar. Heile dagen er Ole Tom Nomeland programleiar.

Godt over 100 menneske er samla på Setesdalskonferansen torsdag. Ole Birger Lien

Først ut var Bykle-ordførar Hans Blattmann, styreleiar i Setesdal regionråd, som helsa folk velkomne til konferansen. Han peika på at når ein deler kunnskap, blir ein som regel betre. 

– Står me saman, får me ting til. Gjer ein feil, lærer ein av det og. No skal me høyre på kvarandre, skape nettverk og vere saman, sa han.

Vidare utetter dagen blir det mellom anna innslag frå Idar Kreutzer i NHO, som skal ta for seg “Det store biletet”.  Pål Erik Olsen og Gisle Eske i WSP ser på Regionanes kamp – Korleis kan privat næringsliv bidra til levande lokalsamfunn og positiv samfunnsutvikling?

Slag i slag

Dagen gjennom går det slag i slag med innsmett frå lokalt næringsliv, kommunale administrasjonar og ikkje minst politisk nivå.  Fylkesordførar Arne Thomassen sit saman med Jens Petter Røed, rektor Setesdal VGS og elevar frå ungdomsskule og VGS, dei skal drøfte temaet Sysselsetjing og sjukefråvær. Moglegheiter og utfordringar i Setesdal.  Seinare i programmet blir alt frå sjukefråvær, rekruttering, folketal, profilering og marknadsføring for Setesdal tema.

Politiske tankar

Siste bolk før avslutning og festmiddag blir politisk samtale – Kva er det neste store prosjektet for Regionen? med Hans Blattmann, som også er styreleiar i Setesdal regionråd, Høye Gerhard Høyesen, NHO Agder, Mette Gundersen, LO Agder, 
fylkesordførar Arne Thomassen,  og Gunnar O. Lindaas, miljøverndirektør hos Statsforvalteren i Agder.

Bykle-ordførar og styreleiar i Setesdal regionråd, Hans Blattmann, opna Setesdalskonferansen på Hovden. Ole Birger Lien