Setesdal Miljø & Gjenvinning IKS i landstoppen i kjeldesortering
Grønt Punkt Norge har på nettsidene sine rangert kva område i landet med plastretur-avtale som er best på kjeldesortering. På ein solid andreplass nasjonalt finn ein Setesdal Miljø & Gjenvinning IKS!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 19.06.2024 08:20
Sist endra 19.06.2024 08:20

Vinnaren av kåringa er Renovest IKS, i kommunane Fyresdal, Kviteseid, Seljord, Tokke og Vinje. Der blir det samla inn 14 kg plastemballasje per innbyggar. På andre plass er altså Setesdal Miljø & Gjenvinning IKS med 12,5 kg. Selskapet handterer Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes og Iveland.
Store sekkar
Noko av forklaringa selskapet viser til på dei gode resultata er at dei nyttar store sekkar der dei fleste kundar får plass til det dei vil. I tillegg er det henting av restavfall kvar 4. veke, noko som har auka utsortering av plast. Undersøkingar viser likevel at det i restavfallet framleis kan vere så mykje som 30% plastemballasje, så det er framleis ein veg å gå. Likevel, med ein andreplass nasjonalt ser ein at Setesdal Miljø & Gjenvining IKS er på rett veg!
HER kan ein lese artikkelen i Grønt Punkt Norge
Vil du vite meir om Grønt Punkt Norge? Då kan du sjå HER