Seniormesse i soknehuset på Rysstad for eldre og pårørande i heile dalen 30. januar

Tysdag 30. januar skipar Valle kommune til seniormesse i soknehuset på Rysstad. Folk frå heile dalen er velkomne, og ein må ikkje vere senior for å delta heller!

Leiar pleie- og omsorg i Valle kommune, Solveig Kyrvestad, håpar mange kjem på seniormesse i soknehuset på Rysstad tysdag 30. januar. - Klikk for stort bileteLeiar pleie- og omsorg i Valle kommune, Solveig Kyrvestad, håpar mange kjem på seniormesse i soknehuset på Rysstad tysdag 30. januar. Ole Birger Lien

Fleire av innslaga denne dagen er nemleg vel så relevante for pårørande til eldre, difor bør ein sjå på programmet og vurdere om dette kan vere noko.

– Me håpar mange vil vere med i soknehuset, seier leiar pleie- og omsorg i Valle kommune, Solveig Kyrvestad.

Suppe og stand

Seniormessa tar til klokka 13. Frå då kan ein få kjøpt seg suppe og eplekake, og ein kan rundt og få med seg stands med alt frå velferdsteknologi frå Tellu til NAV hjelpemiddelsentral, Setesdal brannvesen IKS, Valle sparebank, kommuneoverlege og ei heil rekke andre aktørar.

– Ordførar og kommunedirektør opnar messa, leiar kultur Torunn Charlotte Nyberg er programleiar. Først ut etter den offisielle opninga klokka 16 er kommuneoverlege Kjetil Juva med foredrag om helse og livsglede, seier Kyrvestad.

Etter Juva kjem NAV og fortel om tilretteleggjing i heimen, og det blir utgreiing om kosthald. Kulturelle innslag blir det også, og det blir foredrag med mykje nyttig informasjon om såkalla framtidsfullmakt. Heile tida mellom dei ulike foredraga vil ein kunne få kjøpt seg suppe og rundt om på stands.

Alvor og skjemt

Seniormessa i soknehuset er todelt. På kvelden klokka 19.30  blir det foredrag om eit alvorleg tema, men med humor og glede som virkemiddel. Humoristen Freddy Kjensmo, som mellom anna har skrive boka “Må lære meg å melke kuer - en feelgoodhistorie fra demensavdelingen”, skal ta for seg pårøranderolla i høve demens. Det kostar ein hundrelapp å få framsyninga med seg, og det kan vere svært lurt investerte pengar.

– Demens er eit område som er relevant for dei aller fleste, difor meiner me at seniormessa i år er for så mange fleire enn bare seniorane, seier Solveig Kyrvestad.

Kjensmo gav ut boka i fjor, som ein hyllest til far sin, ei forteljing om far og son og ei vandring frå dei første symptoma på demens til faren vart lagt inn på sjukeheim. Kjensmo deler tips om kva som kan vere lurt og ikkje lurt når ein har med demenssjuke menneske å gjere.

– I etterkant av foredraget kan ein stille spørsmål til forfattaren. Han vil også signere bøker, seier Solveig Kyrvestad.

Eit tettpakka program i soknehuset på Rysstad tysdag 30. januar altså.