Såpeglatte sidevegar i øvre Setesdal laurdag!

Med regn på snø- og isdekte sidevegar natt til laurdag er det beint fram “livsfarleg” på mange av vegane både i Bykle og Valle laurdag. 

Såpeglatte vegar her i Bykle og heile øvre Setesdal laurdag. - Klikk for stort bileteSåpeglatte vegar her i Bykle og heile øvre Setesdal laurdag. Sigrid Bjørgum

Natt til nest siste dagen av vinterferien i Agder har det regna jamnt og trutt. På riksveg 9 er det langt på veg bar asfalt, med litt slaps i vegbanen her og der. På sidevegane er altså situasjonen ein annan. 

Såpeglatt

Regnet har polert is og snø på sidevegane - så det er rett og slett såpeglatt. Rundt om er det strøing i gang, men mange stader vaskar nedbøren sanden bort, og det tar i tillegg tid å få strødd over alt der det er behov. 

Parolen må difor vere enkel: køyr ekstra forsiktig denne helga!