Sandvolleballybane på plass i Bykle!

For den som vil møykje seg og ha det moro samstundes har det no kome på plass sandvolleyballbane i Bykle! Anlegget står klart frå i morgon.

Are Bjørgum i Bykle kommune ved sandvolleybanen som er klar i Bykle frå fredag 12. juli. - Klikk for stort bileteAre Bjørgum i Bykle kommune ved sandvolleybanen som er klar i Bykle frå fredag 12. juli. Bykle kommune

Banen ved skulen i Bykle kan brukast av alle, og er rigga med sand av same kvalitet som i NM. Bakgrunnen for prosjektet er eit ynskje frå lokal ungdom om ein slik bane, og dei folkevalde i Bykle tok signala på alvor. I sist budsjett vart det sett av 250.000 kr.

– Så har me kome i mål til ein mykje rimelegare penge, ikkje minst takka vere teknisk eining i Bykle kommune. Are Bjørgum, Steinar Haugen og Sten Terje Bakken har verkeleg stått på, seier rektor ved Bykle barne- og ungdomsskule, Lars Erik Domaas.

Utstyr på plass

Ved banen er det også sett ut ein kasse med ballar.

– No er det bare å gnu på, så håpar me at folk er flinke til å rydde etter seg. Banen skal vere open i alle periodar utan snø, og blir eit aktivum i bygda for både fastbuande og tilreisande, meiner Domaas.