Rv9-parsell Byklestøylane-Hoslemo opnar onsdag 23. oktober!

Det blir vegfest på riksveg 9 i Bykle onsdag 23. oktober klokka 10. Då opnar parsellen Byklestøylane-Hoslemo.

Rv9-parsellen Byklestøylane-Hoslemo opnar onsdag 23. oktober klokka 10. - Klikk for stort bileteRv9-parsellen Byklestøylane-Hoslemo opnar onsdag 23. oktober klokka 10. Håvard Sandkjær Fjærbu

Opninga går føre seg ved Skarsmo rasteplass, der det også er parkering. Det blir snorklypping og helsingar, kulturelle innslag og stor festivitas for endå ein ny riksveg 9-del i mål fram mot gul midtstripe like til Hovden sentrum!

Statssekretær klypper snora

Statens vegvesen og Bykle kommune skipar til opningsfesten. Det er statssekretær i samferdsledepartementet  Cecilie Knibe Kroglund (Ap) som får æra av å klyppe snora. Det blir enkel servering på dei som møter opp.

– No håpar me mange vil vere med oss i å markere endå eit viktig steg på vegprosjektet i Setesdal, seier plansjef i Bykle kommune, Signe Sollien Haugå.

Staden er altså Skarsmo rasteplass - og tida er klokka 10!