Røde Kors hjelpekorps med øvelse på Hovden 23.- 25. februar

Til helga er Raudekrossen i sving med kurs i søk og redning i vinterfjellet på Hovden.

Raudekrossen held skred- og søkekurs på Hovden 23.-25. februar. - Klikk for stort bileteRaudekrossen held skred- og søkekurs på Hovden 23.-25. februar.

Kurset blir halde for å utdanne nytt mannskap til å kvalifisere for slikt søk- og redningsarbeid.

30 personar med

Det kjem til å vere om lag 30 personar i gang under øvinga. I og rundt skiløypene og toppane i Hovden aust og på nordsida av alpinsenteret.

– Kurset blir avslutta med ein skredøvelse. Me kjem til å grave eit lite skred i området søraust for Remestøylsflotti. Skredet blir i god avstand frå skiløype og der folk ferdast, seier fagleg leiar for kurset, May Linn Grading Tarasenko.

Ho er kontaktperson for kurset og ein kan nå henne på tlf 412 42 792.

Det er også ordinær beredskap frå Raudekrossen på Hovden i helga.