Rock around the clock på Bykle sjukeheim

Det blir både gamle svisker og mykje humor når Tor Henning Olsen og Joachim Olsen kjem til Bykle sjukeheim med showet Rock around the clock onsdag 1. oktober!

Frå klokka 11 gnur dei på med klassikarar frå 1950-1960-talet. Med gitarar, perkusjon og eigne røyster byr dei på alt frå Elvis til Roy Orbison og The Beatles. Det er gratis inngong til konserten som blir skipa til av Bykle kommune.