Rimelegare barnehageplassar i Bykle alt frå januar neste år

I Statsbudsjettet har prisen på barnehageplassar blitt redusert til maksimalt 2000 kr. i månaden i byar og større stader og 1500 kr. i månaden i kommunar som Bykle med verknad frå august 2024. I Bykle kommune gjeld likevel rabatten alt frå januar av.

Barnehageborn i Bykle i ivrig leik. Frå nyåret av blir barnehageplassane rimelegare. - Klikk for stort bileteBarnehageborn i Bykle i ivrig leik. Frå nyåret av blir barnehageplassane rimelegare. Ole Birger Lien

Det er fordi kommunestyret i Bykle i sist møte sa ja til å innføre maksprisen på 1500 kr. i månaden for full plass alt frå årsskiftet.  Både med tanke på rekruttering og folketal er barnehage ein viktig faktor. Rimelege barnehageplassar vil vere viktig i så måte.

– Me har rullerande opptak heile året, seier barnehageleiar i Bykle kommune, Caroline Rysstad.

Bykle-barnehagane har dei siste åra utmerka seg med svært høg skår i fleire nasjonale undersøkingar. Kvaliteten på tenesta er udiskutabel - og frå januar av altså også rimelegare enn tidlegare.