Riksveg 9 ved Neset i Bygland stengt minst ei veke til

I morgon fredag 14. februar skulle etter planen riksveg 9 ved Neset i Bygland, som har vore stengt halvannan veke på grunn av rasfare, opna att. No blir opninga utsett i minst til fredag 21. februar.

Riksveg 9 ved Neset i Bygland opnar tidlegast fredag 21. februar. - Klikk for stort bileteRiksveg 9 ved Neset i Bygland opnar tidlegast fredag 21. februar. Statens vegvesen

Torgeir Hodne i Statens vegvesen seier at ein framleis ikkje har fått fjerna alt av det som er av lause og rasfarlege fjellmassar i lia over vegen - og difor ikkje har noko anna val enn å utsette vegopninga.

– Tryggleiken må alltid kome først, same kor ugreitt dette kan vere, slår han fast.

Vinterferie

Ei ekstra ulempe i samband med den stengte vegen er det at i neste veke er det vinterferie - med auka trafikk til dalen frå helga av. Ein stor fordel med vinterferien er det at skuleelevar har fri - dei skal ikkje på skulen, og lærarane skal ikkje på jobb.

Omkøyringa held fram

I minst ei veke til blir det som fram til no omkøyring med leiebil på vestsida av Byglandsfjorden. Ein kan måtte vente i opptil 45 minuttar.

– Det er viktig at alle fylgjer instruksjonar frå leiebil og trafikkdirigentar, seier Torgeir Hodne.