Riksveg 9 ved Kvervesjå bru stengt på kvelden onsdag 10. september
I samband med eit større lyfteoppdrag blir riksveg 9 ved Kvervesjå bru på grensa mellom Hovden og Vinje stengt nokre timar på kvelden onsdag 10. september.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 05.09.2025 11:15
Sist endra 05.09.2025 12:19

Det er frå klokka 21 til klokka 24 at vegen blir stengt. Det blir plassert ut trafikkvaktar ved vegbommen på Hovden, ved Tallaksbru på Haukeli og på begge sider av stengingspunktet.
For meir informasjon kan ein ringe VTS på nr. 175.