Riksveg 9 i Bygland stengt til fredag 14. februar klokka 12

I snart ei veke har riksveg 9 ved Neset i Bygland vore stengt på grunn av ustabile fjellmassar i lia over vegbanen. No er det klart at riksvegen ikkje blir opna før fredag 14. februar klokka 12.

Mykje masse skal fraktast bort før riksveg 9 ved Neset i Bygland kan opne att. - Klikk for stort bileteMykje masse skal fraktast bort før riksveg 9 ved Neset i Bygland kan opne att. Statens vegvesen

Sist veke kom det melding om at målet var opning av vegen i dag måndag 10. februar. Det går altså ikkje.

– Det skal sprengast også i dag. Så tar det tid å fjerne alt av masse. Riksveg 9 blir opna att fredag klokka 12, seier Torgeir Hodne i Statens vegvesen.

Omkøyring

Det betyr at også denne veka må ein belage seg på omkøyring i kolonne på vestsida av Byglandsfjorden. Ein må rekne med ei viss ventetid, opp til 45 minuttar. 

– Det er leiebil og trafikkdirigentar i båe endar. Så oppmodar me alle om å fylgje instruksane dei får, seier Hodne.