Reint vatn på Hovden - luktproblema snart over

Dei siste månadene har Bykle kommune fått nokre tilbakemeldingar på ei viss lukt og smak av vatnet på Hovden.

– Vatnet er heilt reint, det kontrollerer me alltid grundig. Så har me køyrt i gang eit nytt vassbehandlingsanlegg som kan ha gjeve litt lukt og smak til vatnet. Dette er snart ordna opp i, seier tenesteleiar teknisk drift og eigedom i Bykle kommune, Eirik Birkeland.

Det har vore eit forbipasserande problem med lukt og smak av vatnet på Hovden, men problemet er snart ordna opp i. - Klikk for stort bileteDet har vore eit forbipasserande problem med lukt og smak av vatnet på Hovden, men problemet er snart ordna opp i. Ole Birger Lien

No blir det sett i gang ulike justeringar i vassbehandlingsanlegget.

– Då ventar me at dette forbipasserande problemet forsvinn. Me køyrer jamnleg kontrollar av vatnet, og sjølv om somme altså har rapportert om litt lukt og smak har vatnet heile tida vore reint og trygt, seier Birkeland.