Redusert tilgjengelegheit til Bykle kommune grunna dataproblem

Måndag 10. juni er det redusert tilgjengelegheit til Bykle kommune via e-post på grunn av dataproblem.

Alle datasystem i Bykle kommune skal i desse dagar overførast til IKT Agder sine system. Det har ikkje gått smertefritt måndag. Difor kjem ikkje e-postar som blir sendt inn til kommunen fram.

– Difor utvidar me no telefontida heilt til problema er løyste. Det betyr at ein kan ringe kommunen på 37938500 heilt fram til klokka 15.30, seier kommunedirektør Karina Sloth. 

Ho har sett kriseleiing, og situasjonen blir kartlagt fortløpande. Me kjem tilbake med ny melding så fort alt av datasystem er på plass att.