Programmet klart for foreldrefestival på Rysstad 16.- 23. september
I samband med Valle kommune sitt prosjekt “Saman om ein god oppvekst” inviterer kommunen alle foreldre i Bykle, Valle og Bygland til foreldrefestival i veke 38, det vil seie 16.- 23. september. Festivalen går føre seg i soknehuset på Rysstad.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 05.09.2024 12:56
Sist endra 05.09.2024 12:56
– Festivalen kjem til å ha fleire gode foredragshaldarar innan ulike tema som handlar om oppvekst, born og vårt felles ansvar for å skape eit godt oppvekstmiljø, seier påtroppande rektor ved Valle skule, Janne Nystøl.
Innhaldsrike dagar
Måndag 16. september er temaet mobbing og inkludering. Då kjem Ingrid Lund frå universitetet i Agder, og det blir rom for drøftingar og innspel. Dagen etter er temaet born og grenser, med Hans Holter Solhjell frå organisasjonen Foreldrekompetanse i spissen. Onsdagen skal ein drøfte korleis ein kan byggje laget rundt barnet, med undertittel små handlingar, store skilnader, med Siri Abrahamsen frå Gleding i front.
Innbyggjarverkstad
Måndag 23. september skipar Valle kommune til innbyggjarverkstad med tema inkludering og friviljugheit. Denne bolken blir leia av kommunen og Marco Elsafadi. Felles for alle dagane er at det heile tar til klokka 18 kvar dag, og alltid i soknehuset på Rysstad.
– No håpar me på solid oppslutning både frå Valle, Bykle og Bygland. Det er mange og viktige tema, og jo fleire me er, jo meir kunnskap og kompetanse kan me dele, seier Janne Nystøl.