Politiet med øving på valdssituasjon i rådhuset og ungdomsklubben i Bykle 29. november

Politiet skal i haust utføre såkalla PLIVO-øvingar (pågåande livstrugande vald) i alle kommunane i Setesdal. Onsdag 29. november har turen kome til Bykle.

Plivo-øving i Bykle onsdag. - Klikk for stort bileteDet er øving i Bykle onsdag.

I perioden mellom 12-15 skal mannskapar frå politi, brann og helse trene seg på fire ulike hendingar der livstrugande vald er tema. Øvingane kjem til å gå føre seg i Bykle rådhus og dessutan i ungdomsklubben i bygda.

Skal arbeide som normalt

- Tilsette med arbeidsplassen sin i rådhuset skal arbeide som normalt den dagen sjølv om øvinga går føre seg i bygget, seier beredskapsansvarleg i Bykle kommune, Vidar Johnsen.

Det betyr at sjølv om ein ser politi og andre naudetatar i full utrykning i Bykle onsdag, er det altså bare ei øving og ingenting å bli bekymra over.