Pleie- og omsorg i Bykle med helsefremjande heimebesøk

I Bykle kommune vil no alle heimebuande over 78 år som ikkje alt mottek tenester frå pleie- og omsorg få tilbod om helsefremjande heimebesøk.

Avdelingsleiar pleie- og omsorg i Bykle kommune, Ingebjørg Hovet Haugen, håpar mange vil takke ja til helsefremjande heimebesøk. - Klikk for stort bileteAvdelingsleiar pleie- og omsorg i Bykle kommune, Ingebjørg Hovet Haugen, håpar mange vil takke ja til helsefremjande heimebesøk. Ole Birger Lien

I Bykle har det blitt gjennomført både “Leve heile livet” og “Bu trygt heime”. I Helse- og omsorgstenestelova går det fram at kommunen skal fremje helse og forebyggje sjukdom. I det aspektet kjem helsefremjande heimebesøk inn.

– Det er sjølvsagt frivillig å ta imot tilbodet, og ein kan også ha ein pårørande til stades under besøket viss ein vil det. I tillegg til alle over 78 år kan tilbodet også vere aktuelt under den alderen viss ein har ein utfordrande heimesituasjon, seier avdelingsleiar pleie- og omsorg i Bykle kommune, Ingebjørg Hovet Haugen.

Mange tema aktuelle

Tema for heimebesøket kan vere kva er viktig for deg?, trivsel og nettverk, bustad og branntryggleik, aktivitetar og deltaking på fritida, helsefremjande tiltak, livstestament, velferdsteknologi og mykje meir.

– Så kan ein sjølvsagt elles ta opp det ein vil. Tilbodet er gratis, og me håpar mange vil takke ja til eit besøk, seier Hovet Haugen, som ber alle med spørsmål om å ta kontakt.

Ingebjørg Hovet Haugen når ein på tlf 99527649 eller med ein e-post HIT

Avdelingsleiaren minner om at ein aldri må sende sensitive opplysningar i ein e-post, og at helsepersonell som deltek i samtalen under heimebesøket har teieplikt.