Planutvalet drøfta alt frå kommuneplanen til lufttransport i samband med villreinteljing
Planutvalet i Bykle samla seg måndag 2. juni, og handterte ei rekke saker.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 03.06.2025 14:50
Sist endra 03.06.2025 14:50

I samband med arbeidet med kommuneplanen vedtok planutvalet å slutte seg til ei nærare bestemt grovsiling av innspel til ny arealdel som har kome - i prosessen vidare. Dei innspela som går vidare etter grovsilinga, skal konsekvensutgreiast før ein konkluderer med om forslaga skal med vidare. Så blir det opp til kommunestyret å avgjere den endelege utforminga av plankart og føresegner.
Helikopterturar
Utvalet gjekk inn for å løyve inntil 200.000 kr til tenestekjøp og gjennomføring av sti- og løypeplan. Planutvalet sa samrøystes ja til at Norsk villreinsenter får løyve til start og landing med helikopter i samband med strukturteljing innanfor Setesdal austehei villreinområde i Bykle kommune. Dei sa også ja til det same med tanke på helikopter i strukturteljing innanfor Setesdal Ryfylke villreinområde i Bykle kommune. Detaljregulering for Lundane med tilhøyrande reguleringsføresegner vart vedteken.
Fekk konsesjon
Planutvalet sa også ja til at Arvid Gjerden får konsesjon for erverv av Uppistog, Byklum. Det vart sett som vilkår at det skal inngåast skriftlege leigeavtalar med varigheit på minst 10 år om utleige av jord Gjerden ikkje vil drive sjølv.