Pepperkakebyen på Hovden opnar laurdag!

Pepperkakebyen i Hovden grendehus opnar laurdag 7. desember. 

Denne flotte fotballbanen var med i pepperkakebyen i Hovden grendehus i fjor. Laurdag 7. desember opnar årets pepperkakeby. - Klikk for stort bileteDenne flotte fotballbanen var med i pepperkakebyen i Hovden grendehus i fjor. Laurdag 7. desember opnar årets pepperkakeby. Ole Birger Lien

Framleis kan ein levere inn bidrag til utstillinga. Tidlegare har ein kunna sjå alt frå landsbyar til fotballbanar - i pepperkakeform - og mykje tyder på at kreativiteten er like stor denne gong. 

Tøffast i Agder

Målet med pepperkakebyen? Å lage den tøffaste av sitt slag i Agder! Det blir premie til det finaste bygget, så for den som ikkje har levert inn sitt bidrag er det bare å gnu på!