Passbilen til Setesdal i november
Til hausten er det klart for ein ny runde med passbilen til Setesdal. Alt no kan ein inn og tinge time.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 28.07.2025 09:37
Sist endra 28.07.2025 09:37

Passbilen kjem til politikontoret i Valle 10. november klokka 12.30-15.15 og 11. november klokka 08.15-15.00. Bilen flyttar seg så til Evje med tid 12. november klokka 08-15.30 og 13. november klokka 08.00-15.30.
Time må tingast på www.politiet - HER
Viss ein treng hjelp til å bestille er det bare å ringe Valle og Bykle politistasjon på tlf 38136850 eller ta turen innom. Ein må ha med mobiltelefonen sin, for det kjem ein kode inn på det som ein treng i samband med bestillinga. Det er også god kapasitet på passkontoret i Kristiansand, også på ettermiddag/kveld måndag-torsdag og dagtid på laurdagar.