Pass på låg vasstand i Urevatn og Reinevatn i haust!
Med bakgrunn i konsesjonsbestemmelsane har Otteraaens Brugseierforening lov til å regulere Urevatn mellom 1141 og 1195 moh. Reinevatn kan regulerast mellom 1165-1175 moh. Normalt blir ikkje Urevatn tappa ned under 1160 moh før etter reinsdyrjakta - då det kan bli utfordringar med ferdsle på magasinet viss vasstanden er for låg. I haust kan likevel vasstanden gå under denne høgda.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 04.09.2025 13:17
Sist endra 04.09.2025 13:17

For ei stund tilbake var vasstanden i Urevatn 1160 moh. Reinevatn 1171 moh.
– Tilsvarande vasstander hadde me i 2018. Det som er annleis i år er at vasstanden truleg kjem til å gå ytterlegare ned i august og september, seier Grunde Johnsen i Otra kraft DA.
Konsesjonsbestemmelsar
Det er for å oppfylle konsesjonsbestemmelsar lenger nede i vassdraget, og lite tilsig og havari i Holen I kraftstasjon, at Urevatn må tappast meir ned enn vanleg.
– Me ber jegrar og fiskarar om å vere forsiktige ved båtferdsle ut og inn frå båtutsett på Urevatn og Reinevatn. Farleg straumvirvel er markert med skilt og dobber ved Urevatn. Tilsvarande sikring blir no også gjennomført på Reinevatn. For å lette adkomsten ved båtutsett har Otteraaens Brugseierforening i år forlenga den støypte vegbanen som blir nytta ved båtutsett ved Urevatn. Me seier oss leie for at Urevatn kan bli utfordrande å nytte i årets jakt og fiske, seier Grunde Johnsen.