Påskestans i vegarbeidet langs riksveg 9 gjennom Setesdal
Frå fredag 11. april til og med 2. påskedag er det påskestans på alt av vegarbeid langs riksveg 9.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 10.04.2025 12:11
Sist endra 10.04.2025 12:11
I Hoslemokleiva blir det påskestans i anleggsarbeidet. Det blir det også langs resten av riksveg 9 gjennom Setesdal.Det er to store prosjekt som påvirkar trafikken langs riksvegen gjennom Setesdal, det såkalla gul stripe til Hovden-prosjektet og dessutan Rv. 9 Trafikksikkerhetstiltak, som handlar om sikring av sideterreng, oppmjuking av farlege svingar og fjerning av fjellmassar nær vegen. I det siste har det vore spesielt mykje aktivitet mellom Stemmen og Sandripheia i Vennesla, ved Neset i Bygland og ikkje minst på parsellen Hoslemo-Geiskelid i Bykle som del av gul midtstripe-utbyggjinga.
Ingen leiebilar
Somme stader langs riksvegen gjennom dalen er det likevel redusert fartsgrense forbi anleggsområda - leiebil og ljosregulering skal ein likevel sleppe.